Om Oss

LOS Fjord AS er eit selskap i Meidell konsern, og ligg i Alsakervågen på Onarheim, i Tysnes kommune. Bedrifta tel om lag 10 tilsette. Me er knytt opp mot oppdrettsnæringa, og vårt daglege arbeid består i hovudsak av vedlikehald, feltservice og reparasjon av båtar, maskinar, utstyr og anna førefallande arbeid.

LOS Fjord AS ligg lokalisert 7 min frå Hodnanes og 20 min frå Våge.

Ein arbeidsdag på LOS Fjord AS kan vera veldig varierande. Her jobbar ein med alt frå å reparere båtar, mekanisk arbeid, bygging av utleigebustader, diverse plastarbeid som for eksempel: bygging av servicepostar, kar til smolt anlegg, fôrtrakter m.m.

Det at bedrifta har mange og varierande arbeidsoppgåver, gjer at me har ulike personar med ulik utdanning og eigenskapar her hjå oss!

Arbeidsplassen er også varierande. Den kan vera i LOS Fjord AS sine lokale, kanskje må ein yta feltservice opp mot båtar og utstyr, og somme tider utfører ein arbeid på landbaserte lokalitetar. Våre dyktige medarbeidarar nyttar gjerne både bil og båt i sine daglege gjeremål.

Tidligare år har me produsert dei populære Enes båtane. På grunn av auka arbeidsmengde, retta mot oppdrett og Alsaker konsernet, har me ikkje hatt produksjon på båtar i 2015. Me ynskjer å kunne ta dette arbeidet opp igjen på sikt.